SØK I ARKIV
Artikler fra 2019
Artikler fra 2018
Artikler fra 2017
Artikler fra 2016
Artikler fra 2015
Artikler fra 2014

Med stønad frå VRI Rogaland har gartnarar, forskarar og studentar funne nye samanhengar mellom smak og dyrkingstilhøve hjå agurk. Resultata kan gjera norske agurkar både betre og meir konkurransedyktige.

 

artnar Hallstein Aase på Aase Gartneri i Klepp plukkar eit par agurkar og deler ut smaksprøver.

 

– Herleg smak og frisk lukt, konstaterer biokjemistudent Renate Johnsen. For velsmakande agurkar er ikkje sjølvsagt, det kan ho seia mykje om. Gjennom eit studentmobilitetsprosjekt med stønad frå VRI skriv ho masteroppgåve på Universitetet i Stavanger om agurkdyrking.

Gule blomar bryt dei sterke, grøne fargane. Store og små agurkar heng frå høge plantar på rekkje og rad og vitnar om triveleg veksthuskultur.

“Agurk er ein effektiv plante, det går berre tolv dagar frå planten er sett ut til me kan hausta dei første agurkane”

– Agurk er ein effektiv plante, det går berre tolv dagar frå planten er sett ut til me kan hausta dei første agurkane, seier Hallstein Aase.

No i juni er lyset best, og det er høgsesong for agurkdyrkarane. Aase Gartneri nyttar ikkje kunstig lys, så sesongen går frå slutten av februar til byrjinga på november, fortel han. Dei dyrkar agurkar på 16 dekar fordelt på sju veksthus. 24000 planter gjev om lag 2,5 millionar agurkar i året, eller rundt 800 tonn.

Optimal smak og kvalitet

Hallstein Aase er eigar av forskingsprosjektet som skal finna fram til ein agurk med optimal smak og kvalitet ut frå forventingane til forbrukarane. Aase er formann i Rogaland Gartnerlag og sit i styret til Agurkklubben. Saman med andre agurkprodusentar søkte han i 2011 om stønad frå VRI til studentmobilitetsprosjektet. Søknaden vart innvilga, og Universitetet i Stavanger, Bioforsk Vest, Plantchem og Nofima kom med på laget.

– Dette var godt nytt for meg, for på den tida var eg klar for bacheloroppgåve. Med midla frå VRI kunne Bioforsk ta meg inn og følgja meg opp medan eg jobba med oppgåva. Eg har vore heldig som fekk ja til å gå inn på det fagfeltet som var førstevalet mitt, og eg har fått vera med på eit samarbeid som har vore både nyttig og lærerikt, fortel Renate Johnsen.

Ifølgje Aase har prosjektet fått fram særs mykje data som kan avdekkja samanhengar som ikkje forskarane har sett før.

– Det var særs interessant for oss at VRI støtta prosjektet og at Renate fekk denne mogelegheita. Målet vårt er sjølvsagt å få fram det beste produktet, seier Aase.

Store skilnadar

Hausten 2012 leverte Renate Johnsen oppgåvaSmaks- og innholdsstoffer i agurk. Ho reiser blant anna spørsmålet om korleis innhald påverkar smak, om det er skilnad i innhaldsstoffa i norske og importerte agurkar, og korleis innhaldsstoffa vert påverka av lagring.

“Me veit at mykje av smaksstoffa forsvinn under kjøling og lagring”

– Me veit at mykje av smaksstoffa forsvinn under kjøling og lagring. Resultata våre viste store skilnadar i smak og lagringsevne hjå agurk med ulikt opphav, seier ho.

Funna var interessante for forskarane og prosjekteigaren, og det vart bestemd å gå vidare med eit hovudprosjekt, der VRI også bidrar med støtte. Dermed var vegen open for Renate Johnsen til å gå i gang med masteroppgåva. I juli skal masteroppgåva leverast inn, og ho er snart klar med nye resultat.

Tomat og agurk

Michel Verhuel i Bioforsk var rådgjevaren til Renate Johnsen gjennom studentarbeidet.

– Eg har jobba mykje med liknande kvalitetsstudiar på tomatar. Prosjektet og stønaden frå VRI ga oss sjansen til å gå vidare til agurk, seier han.

Det finst mange ulike sortar tomatar, med stor variasjon i smak. På agurk skulle ein kanskje ikkje tru skilnadane var så store, men ein forbrukartest gjort i samband med prosjektet, synte det motsette, jamfør Verheul.

Han fortel at testen omfatta åtte agurksortar – fire norske og fire spanske. Respondentane oppfatta sært store forskjellar i smak og kvalitet. Dei overraskande resultata vart framlagte for Gartnerforbundet, som spurte seg om kva som kunne gjerast for å utvikla eit produkt som skårar høgt på alle parameter. Var sorten avgjerande, eller var det dyrkingsforholda?

– Me observerte liten skilnad i smak mellom norsk og importert agurk. Den norske har likevel vist seg å ha betre lagringsevne, og som kortreist vare er han òg ferskare når han vert seld, legg Verheul til.

Store datamengder

Dei siste vekene før oppgåva skulle leverast hadde Renate Johnsen det travelt med å analysera data og finna gode svar på spørsmåla i prosjektet. Ho har fått testa agurk frå ni gartneri – fem på Jæren og fire på austlandet.

– Me samla inn store mengder data om dyrkingsforhold, lys og temperatur, CO2-innhald og fukt i lufta, samt gjødsling og vatning, fortel ho. Eit av områda ho særleg har studert, er dyrking av agurk på steinull, ein teknikk som gjer det enklare for gartnaren å finna det rette forholdet mellom luft, vann og næringsstoff.

– Ein unngår sjukdomar på plantene av di steinulla lett kan skiftast ut. Dermed slepp ein òg kjemiske plantevernmiddel og kan nytta biologiske middel som ligg nær opp til tilhøva for økologisk dyrking, seier Johnsen.

Oppskrift

Jamfør Michel Verheul er det framleis litt tidleg å konkludera kva som tel mest for smaken til agurk. Førebels er forskarane samde om at samanhengen mellom smak og dyrkingstilhøve er større enn samanhengen mellom smak og sort.

Førebels er forskarane samde om at samanhengen mellom smak og dyrkingstilhøve er større enn samanhengen mellom smak og sort.

– Dette er litt overraskande. Me kan altså gje gartnarane råd om at det er viktigare å sikra optimale veksttilhøve enn å velja plantesort som skal dyrkast. Viss agurken skal bli god, må han få tilstrekkeleg med lys, rett temperatur og perfekt gjødsling.

– Eit mål med prosjektet er å koma fram til ei slags oppskrift på klima- og dyrkingstilhøve som gjer at agurkane trivst i eit drivhus, seier Verheul.